Twin Peaks
Det er alltid rart å starte på ein serie som eg har høyrt så mykje snakk om over fleire år, men aldri tatt meg tid eller brukt energi på å sjå. Twin Peaks har aldri vore meir for meg enn serien til David Lynch. Kultserien som blei kansellert eller favorittserien til veldig mange. Når eg i går stod på Platekompaniet og vurderte kva serie eg skulle bruke pengar på, så var det Twin Peaks som tok mesteparten av fokuset. Kvifor ikkje, tenkte eg, det er kanskje på tide.
Når ei populær jente er funne myrda i byen Twin Peaks, blir FBI spesialagent Dale Cooper (Kyle MacLachlan) sendt for å etterforske, men oppdagar fort at det er fleire rare ting som skjer i byen.
Pilotepisoden startar med ein lang versjon av opningssekvensen, og tar med sin drøymande musikk av Angelo Badalamenti meg rett med inn i noko eg aner at ikkje vil bli ein heilt normal by. Det er ei mystisk stemning som heng over serien, men det er ikkje alltid like dystert. Når det ikkje er mord, blod og samansverjingar på gang kan serie vere lystig og morosam. Kjenslene varierer frå tragedie til lykke, og det kan bli ei sterk blanding.
Serien er ei samanhengande historie, utan einskildståande episodiske, små historier. Det er difor utruleg lett å bli hekta, og det går an når det berre er sju episodar av første sesong.
Andre sesong av Twin Peaks lét vente på seg. Rundt fem år tok det frå første sesong kom på DVD, til første del andre sesong. Mange har venta og venta, sjølv hadde eg mitt første møte med serien hausten 2006, så det fungerte.
I januar kom første del av andre sesong ut med elleve episodar, og eg hoppa på toget. Så gjekk det fire nye månader til andre del av andre sesong kom. Poenget er at eg har sett serien i tre omgangar; noko som kan ha påverka opplevinga av den andre sesongen.
Sesong to tar opp tråden der han blei sloppen, og etterforskinga på Laura Palmer-mordet held fram. Eg vil påstå at serien har like høg intensitet, god stemning og bra kvalitet fram til midt ut i andre sesong. Det er her skaparane har bestemt seg for å løyse hovudmysteriet, for så å ta tak i mange nye rare.
Eg mista umiddelbart litt av interessa allereie i andre halvdel av andre sesong. Serien er framleis god, men ikkje den Twin Peaks eg kjente til og som tidlegare utmerka seg som ein av dei beste seriane eg har sett. Det er i samanlikninga det største vonbrotet ligg. Dette førte til at det har tatt meg nokon veker å sjå gjennom episodane. Ved utgangen spør eg meg sjølv om det eigentleg var verdt det.
For store fans av David Lynch er det sikkert ingenting å utsette på dette. Sjølv har eg eit middels forhold til mysteria og surrealismen til mannen, likevel om eg lar meg imponere over den kunstnariske og djupe bruken av bildemediet til å framstille ei blanding mellom gåter, kjensler og så utruleg mykje anna som eg ikkje kan sette fingeren på.
Som spesiell oppleving er det nok verdt å sjå ferdig serien. Er du derimot blitt fan av Twin Peaks på grunn av Laura Palmer-drapet, kan du trygt gi deg etter elleve episodar av andre sesong, det vil sei etter 18 episodar totalt.

Skapt
Skodespel
Kyle MacLachlan (I) • Michael Ontkean • Mädchen Amick • Dana Ashbrook • Richard Beymer • Lara Flynn Boyle • Sherilyn Fenn • Warren Frost • Peggy Lipton • James Marshall (I) • Everett McGill • Jack Nance (I) • Joan Chen • Kimmy Robertson • Michael Horse • Piper Laurie • Harry Goaz • Eric DaRe • Wendy Robie • Ray Wise (I) • Sheryl Lee (I) • Russ Tamblyn • Don S. Davis • Chris Mulkey • Gary Hershberger • Grace Zabriskie • Catherine E. Coulson • Ian Buchanan • Mary Jo Deschanel • Frank Silva (I) • Kenneth Welsh • Al Strobel • David Patrick Kelly • Miguel Ferrer (I) • John Boylan (I) • Victoria Catlin (I) • Charlotte Stewart • Jill Engels • David Lynch (I) • Heather Graham (I) • Robyn Lively • Dan O'Herlihy • Billy Zane (I) • James Booth • Don Amendolia • Annette McCarthy • Michael Parks (I) • Ron Blair • Carel Struycken • Mak Takano • Lance Davis (I) • Phoebe Augustine • Lenny von Dohlen • Brenda Strong • Robert Bauer • Hank Worden • Michael J. Anderson (III) • Jan D'Arcy (I) • Rick Giolito (I) • David Duchovny • Walter Olkewicz • David L. Lander • Jane Greer • David Warner • Tony Jay (I) • Nicholas Love • Galyn Görg • Brian Straub • Erika Anderson • Brett Vadset • Peter Michael Goetz • Royal Dano • Clarence Williams III (I) • Jed Mills • Gavan O'Herlihy • Ritch Brinkley • Royce D. Applegate • Ron Kirk • Claire Stansfield • Ron Taylor (II) • Mary Stavin • John Apicella • Ted Raimi • Craig MacLachlan • Jessica Wallenfels • Joshua Harris (I) • Julee Cruise • Andrea Hays • Gérald L'Ecuyer • Lisa Ann Cabasa • Clay Wilcox • Brenda E. Mathers • Laurel White • Ian Abercrombie • Tony Burton (I) • Troy Evans (I) • Kathleen Wilhoite • Rodney Harvey • Frances Bay • Mary Bond Davis • Mary Chalon • Charles Hoyes • Bellina Logan • Van Dyke Parks • Willie Garson • Robert Davenport • James Craven (II) • Emily Fincher • Leonard Ray • Clive Rosengren • Matt Battaglia • Adele Gilbert • Mark Lowenthal • Eve Brent • Austin Jack Lynch • Alan Ogle • Michelle Milantoni • Jill Pierce • Mae Williams • J. Marvin Campbell • Jack McGee (I) • Don Calfa • Jimmy Scott • Will Seltzer • John Charles Sheeham • Kim Lentz • Michael M. Vendrell • Julie Hayek • Robert Apisa • Betsy Lynn George • Roberta Maguire • Lisa Cloud • Stephen C. MacLaughlin • Charlie Spradling • Geraldine Keams • Charles Miller (II) • Tiffany Muxlow • Molly Shannon (I) • Ed Wright • Frank Roberts (I) • Susan Sundholm • David Wasman • Sandra Kaye Wetzel • Jane Jones (II) • Alicia Witt • Tawnya Pettiford-Wates • Shelley Henning • Arvo Katajisto • Dorothy Roberts (II) • Arnie Stenseth • Rick Tutor • Marjorie Nelson • Ben DiGregorio • Diane Caldwell • David Chadwick (I) • David Chadwick (IV) • Beverly Gordon • Kevin Young • Connie Woods • Dave Bean • Derick Shimatsu • Joey Altruda • Steven Hodges (I) • Smokey Hormel • Joseph 'Simon' Szeibert • William Ungerman • Jennifer Aquino (I) • Jula Bell • Mark Frost (I) • Lesli Linka Glatter • Kellie Lumb • Chris Morrissey • Lorna MacMillan • JC Motes … Minimer … Vis alle