Twin Peaks: Fire Walk with Me

Film · 1992 · · 22. januar 2008
3/5

Det har teke åtte månader før eg har samla meg nok etter andre sesong av Twin Peaks til å sjå Twin Peaks: Fire Walk with Me, der forhistoria til serien, kva som skjedde med Laura Palmer før drapet, er i sentrum.

Den Twin Peaks eg tidlegare blei glad i glei over i ein mystisk miks som gjorde meg demotivert til straks å gripe tak i Twin Peaks: Fire Walk with Me. For mykje David Lynch i feil format var grunnen, i filmform har eg derimot sansen for mystikken og det overnaturlege til David Lynch så det held.

Ein viktig føresetnad for å få utbytte av Twin Peaks: Fire Walk with Me er å ha sett serien. For å skjønne mest ut av personane og kvifor nedturen til Laura Palmer skal vere interessant å følge i over to timar. Eg påstår ikkje det er nødvendig, for alt eg veit kan dette vere herleg surrealistisk lapskaus for ein som ikkje har sett Twin Peaks. Det var den ekstra porsjonen surrealisme til samanlikning med serien som gjorde dette til ei verdig oppleving for meg også, då historia til Laura i passe grad blei eksponert i serien var det stemninga og mystikken eg var jakt på no.

Twin Peaks: Fire Walk with Me grip tak i mange småting ved siden av historia til Laura, som siden blir forlate, for å bli teke opp igjen i første og andre sesong. I blant fekk eg inntrykk av at deler kunne ha vorte verande utelate til fordel for serien sin mystiske natur. Tråden rundt FBI var litt slakk og kunne til fordel ha fått meir fokus på rekning av Laura. I dette ligg nok mi romantisering omkring dei første to tredjedelene av serien, som var best, og at eg ville gjenoppleve den biten her.

På grunnlag av at eg kunne klart meg forutan Twin Peaks: Fire Walk with Me når det kjem til Twin Peaks i samanheng, at dette som ein einskildståande film ikkje er heilt fullkome, men at serien har ei fin stemning, trekk eg ikkje karakteren lengre enn til litt over midten på skalaen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Twin Peaks: Fire Walk with Me 1992 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Sheryl Lee (I)Ray Wise (I)Mädchen AmickVis alle

Sjangrar

Land