Twister

Film · 1996 · · 13. januar 2010
3/5

Då eg for kort tid sidan hadde eit gjensyn med ein gammal favoritt innanfor katastrofesjangeren, vulkanfilmen Dante's Peak med Pierce Brosnan og Linda Hamilton, kom eg like etter innpå Twister i ein samtale, og bestemte meg for endeleg å sjå han.

Da Twister kom i 1996 kan det godt hende at han var imponerande. Massive tornadoar realisert for lerretet med den ypparste animasjonsteknologien tilgjengeleg, det er ikkje effektane det står på den dag i dag heller. Ikkje storleiken på tornadoane heller, deira øydeleggjande kraft går nærare innpå meg enn den fatale katastrofen (i) 2012.

Det som ikkje fungerer i Twister er forma på filmen. Det som kjenneteiknar så mange store filmar på 1990-talet, desse klisjeane, og karakterar så eindimensjonale at radioaktiv stråling får deg til å kjenne betre. Eg snakkar her om kombinasjonen av overdriving, graden av føreseie og karakterar som du ikkje likar av di dei manglar snev av fornuft i toppen. Det treng ikkje vere eit problem at filmar inneheld litt av dette, men i Twister er mangelen på spenning og irritasjonen frå karakterane dessverre for mykje av det gode.

Grunnen til at eg tok det negative først er at eg rett og slett ikkje kan anbefale filmen, så om du blir prega av den innleiande kritikken har eg oppnådd det eg ville. Men eg skal likevel slenge på nokon positive ord på tampen, for å forsvare den middels karakteren.

Twister har dramatikk. Han rettar søkelyset mot øydeleggingane naturen kan og stadig vil halde fram med å gjere. Tematisk er han interessant, og sjølv om det mest er tomme, kjappe ord og stilig datadilling, dukkar det opp eit par fakta her og der som er fint å ha med seg. Greia er likevel at alt dette og mykje meir kunne ein ha fått i et dokumentarprogram.

Det største problemet, og det filmen vinn på, er at han er så gjennomsnittleg. Han er laga med ei stødig hand, men er uoriginal, effektane er gode, men blir misbrukt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Twister 1996 plakat - Filmdagbok