Two for the Money

Eg får sei det først som sist, eg synest Matthew McConaughey er ein slesk type, og har aldri hatt sansen for han. Men når det er vennekveld med film så får eg sette til sides dei uforklarlege årsakene til dette og henge meg på.

Når eg bruker type er det ikkje for ingen grunn, eg har ikkje lyst å kalle han idiot, men heller ikkje kompis. For alt eg har sett er han jo ein ok skodespelar i både How to Lose a Guy in 10 Days og Edtv.

Det er ingenting nytt her, historia tatt til vurdering. Viss du er interessert i hasard og sport, så bør du drive hasard sjølv. Betre å bruke alle pengane dine på det enn å bruke femti kroner på denne filmen, eller kva du no må betale for å sjå han.

Two for the Money 2005 plakat - Filmdagbok