Two Guys, a Girl and a Pizza Place

Serie / 1998–2001
3/5

Two Guys, a Girl and a Pizza Place er ein serie som eg såg litt på i min spede ungdom, men som har tilgode å komme ut på video. Dette har gjort at eit ønske om å sjå igjen serien har blitt endå sterkare i løpet av åra enn med nokon annan serie.

Serien handlar om nokon unge menneske i ein storby. Episodane blander romantikk, vennskap og sprø hendingar. Med andre ord er det ein typisk post-Seinfeld- og post-Friends-serie.

At forventingane var høge gjorde nok litt til at det vart eit ørlite vonbrot å sjå denne igjen. Det er framleis ein gøyal serie, og har solide skodespelarar i form av blant anna Ryan Reynolds og etter kvart Nathan Fillion.

Two Guys, a Girl and a Pizza Place 1998-2001 plakat - Filmdagbok

Publisert

4. juli 2010 av

Skaparar

Danny Jacobson, Kenny Schwartz, Rick Wiener

Skodespelarar

Traylor Howard, Ryan Reynolds (I), Richard Ruccolo, Suzanne Cryer, Nathan Fillion, Jillian Bach, Jennifer Westfeldt, Julius Carry, David Ogden Stiers, Giuseppe AndrewsVis alle 279 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Two Guys, a Girl and a Pizza Place