Two Lovers

Film / 2008
4/5

Leonard (Joaquin Phoenix) er bipolar og blei for få månader siden dumpa av sin trulova. Han har prøvd å ta livet av seg, og bur no heime hjå foreldra sine.

På eit tidspunkt blir han introdusert for Sandra (Vinessa Shaw) dottera til ein mogleg forretningspartner av faren. Ei smart og pen kvinne som likar han frå første stund. Men omtrent samtidig dukkar også Michelle (Gwyneth Paltrow) opp, ei vakker kvinne med mange problem i livet sitt. Leonard blir umiddelbart forelska, men ettersom Michelle ikkje gjengjeld kjenslene, så held han Sandra innanfor rekkevidde.

Filmen formidlar dilemmaet til Leonard på ein måte som held meg på tærne. Det er ei spenning i ei uvisse om den vidare gangen som filmen spelar på heile vegen. Samtidig er det lett å kjenne seg igjen i problematikken, som tematisk kokar ned til å at ein i håp om noko betre, går glipp av noko bra. Filmen viser at det ein håpar på ikkje nødvendigvis er det beste heller.

Frontfiguren Joaquin Phoenix var hovudårsaka til at eg starta å skrive om Two Lovers. Han briljerer på tona ned vis i filmen, og er dyktig til å vise heile spekteret av kjensler frå glede til sorg, frå forelsking til å gi opp. At karakteren han spelar må vise både ærlege og direkte sider, og halde igjen, gjer Two Lovers til ein ypparleg film for å vise kaliberet til Joaquin Phoenix.

Dei andre skodespelarane hamnar litt i skuggen, men leverer også solide prestasjonar til godt skrivne karakterar. Trass i at historia på sett og vis er enkel, er det handtert på ein så god måte at dette blir ei minneverdig oppleving. Med andre ord godt handverk.

Two Lovers 2008 plakat - Filmdagbok