Two Night Stand

Film · 2014 · · 5. juli 2015
3/5

Alec (Miles Teller) og Megan (Analeigh Tipton) planlegg å møtast etter å ha samtale på internett ein kveld. Dagen etter ønsker dei å gå kvar til sitt, men ein snøstorm har stengt dei inne. Dei blir tvinga til å bruke meir tid i lag.

Two Night Stand er ein film der to stykk som sannsynlegvis ikkje ville hatt ein sjanse til å bli kjent, blir konfrontert med eit problem som fører til at dei nesten må bli kjent. Gjennom samtalar blir deira bakgrunn, tankar og diverse utbrodert.

Dette var kanskje ingen høgdepunkt av ein film, men tvilen kjem filmen tilgode for min del, og det er nokon lyspunkt her og der. Som at filmen tvingar fram ein del ukomfortable situasjonar, og andre som er i overkant av ærlege, eller utfall som er litt for dryge til at det eigentleg gir inntrykk av å vere realistiske utfall. Men det er i grunn heilt greitt. I hovudsak er det kjemien mellom Miles Teller og Analeigh Tipton som får meg til å like denne filmen, og den delen fungerer godt.

Two Night Stand 2014 plakat - Filmdagbok