UHF

Film · 1989 · · 17. mars 2012
3/5

Som eit resultat av 'Weird Al' Yankovic sitt samarbeid med Jay Levey er ikkje UHF overraskande ein parodisk film. 'Weird Al' Yankovic har gjort karriere på å parodiere popsongar, og viste med songen White & Nerdy i 2006 at han framleis var på hogget.

I UHF spelar 'Weird Al' Yankovic sjølv hovudrolla George Newman, som får ansvaret får ein lokal og konkurstrua tv-stasjon. Som eit under byrjar kanalen å gå betre, mykje takka vera ein vaktmeister og tv-vert Stanley Spadowski (Michael Richards i ei stor birolle). Men den auka populariteten står ikkje høgt hjå Channel 8, og det blir ein kamp.

UHF er som eit 'Weird Al' Yankovic-album i filmformat. Oppskrifta er den same, ei blanding av parodiar, referansar og rare påfunn. Formålet er først og fremst å more, og det fungerer best for den innvigde og opplyste. Heng du ikkje med på filmreferansane eller har sansen for 'Weird Al' Yankovic sin direkte stil så blir UHF grei på sitt beste.

Som fan av artisten sidan barndommen har eg sett UHF før, og no på nytt. Det er ei sjeldan oppvisning i ei hovudrolle han har, noko som gjer filmen spesiell for ein fan. Humoren som balanserer på kanten til det banale er for så vidt grei. Hadde det ikkje vore for dei mange artige innslaga, parodierte tv-reklamar, dagdraumar og musikalske innslag, så hadde ikkje filmen gitt så mykje. I lag med forholdet eg har til musikken til 'Weird Al' Yankovic blir det derimot litt gøy.

Sidan eg har sett filmen tidlegare var ikkje forventingane høge til historia. Eg håpa heller på å få meir ut av referansane og bruken av skodespelarar, som eg hadde betre grunnlag for å vurdere sidan førre gang. Med relativ lave forventingar blei filmen ei positiv overrasking. Mellom anna gleda eg meg over detaljnivået.

UHF passar nok best til fans av 'Weird Al' Yankovic og parodifilmar som Hot Shots! og Airplane!.

IMDb-logo
Filmfront-logo
UHF 1989 plakat - Filmdagbok

Land