Umberto D.

Film / 1952
3/5

Ein fattig mann i Roma står i fare for å bli kasta ut av vertinna der han bur. Han mottar pensjon som er så liten at han knapt klarar å overleve på anstendig vis. I Umberto D. er han snart ved vegs ende og i ein håplaus situasjon. Men han har framleis hunden sin som selskap.

I likskap med ein annan italiensk film om fattigdom frå denne tida, Ladri di biciclette, så er dette ein neorealitisk film. Eit av kjenneteikna er at denne type film gjerne utforska fattigdom og dårlege forhold.

Umberto D. er tydeleg i formidlinga av situasjonen. Han er trist og i blant ser det mørkt ut. Men så er det også små lyspunkt. Gjerne i form av hunden eller humoren til protagonisten. Umberto D. er soleis ikkje ein reindyrka neorealistisk film, men ei vidareutvikling av sjangeren.

Filmen gir eit historisk innblikk som er interessant, og er på sett og vis ei god historie. Det dryg litt i blant, då eg ikkje er den mest tolmodige når det gjeld dystre filmar, men filmen hentar seg alltid inn igjen.

Umberto D. 1952 plakat - Filmdagbok