Un baiser s'il vous plaît

Film · 2007 · · 6. januar 2013
4/5

Eg kom tilfeldigvis over denne franske romantiske komedien og dramaet. Ikkje så mykje ein komedie som eit drama, men premissen er humoristisk.

Det handlar om korleis eit enkelt kyss kan øydelegga mykje, likevel om det ikkje var meint å bety noko. Vel, faktisk er det også om korleis sex mellom to gode venner ikkje var meint å bety noko.

Det som fenga var ikkje historia i seg sjølv, sjølv om ho gjer ei grei rolle som bakteppe for karakterane, som eg blei forelska i. Det er hjarte, uskyld, naivitet, skuld, kjærleik og så mykje meir. Og det syns!

Det eg likte best med filmen var det at karakterane nesten alltid ser ut til å tenke dette er sannsynlegvis ein dårleg ide, men me veit aldri før me har prøvd.

Du kan alltids finne ein smartare film, med mindre drama og meir futt. Men dette er nære ved å komme toppen av lista for min del.

Filmen er også kjent som Shall We Kiss?

Un baiser s'il vous plaît 2007 plakat - Filmdagbok