Un genio, due compari, un pollo

Film · 1975 · · 29. juni 2021
2/5

Litt dårleg forarbeid frå meg gjorde at eg gav meg i gong med Un genio, due compari, un pollo i trua på at det var ein oppfølgjar til Il mio nome è Nessuno.

Men dette var usann marknadsføring frå 1970-talet som har resultert i oversette versjonar av filmtittelen som blant anna Mitt navn er fortsatt Nobody på norsk.

Sjølv om det gjekk fort opp for meg at koplinga mellom filmane ikkje var sterkare enn skodespelaren Terence Hill og Sergio Leone på produsentsida. Sistnemnte tykte filmen blei så dårleg at han helst ikkje ville ha namnet sitt på han, og dette blei den siste westernfilmen han var med på å lage. Det seier sitt om filmen.

Noko anna eg las etter å ha sett filmen, var at deler av filmopptaka blei stolne. Eg la merke til undervegs at det ikkje var så god samanheng mellom alt som skjedde, og dette forklarar jo saka.

Men alt dette blei først klart for meg etterpå. Så for meg blei Un genio, due compari, un pollo ein noko slapp western som ofte bommar på komisk timing og kjennes litt lang ut. Men som i blant er heilt grei underhalding. Det er derimot milevis unna Il mio nome è Nessuno på dei fleste måtar, og med tanke på forventningane eg hadde så blei eg skuffa.

Les også meldingar på filmfront.no (norsk) og thestopbutton.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Un genio, due compari, un pollo 1975 plakat - Filmdagbok