Un long dimanche de fiançailles

Film · 2004 · · 3. april 2005
3/5

Ein film eg har sett fram til heilt siden han blei annonsert. Dette fordi det er same regissør og hovudrolleinnehavar som frå Le Fabuleux destin d'Amélie Poulain. Du kan tydeleg sjå på filmen at det er ein film av Jean-Pierre Jeunet, på både fargar og rolleskildringar. Dessutan er det ikkje berre Audrey Tautou som går igjen.

Filmen var ikkje dårleg, men det var meir drama enn komedie, og blei litt treg når det heile var sett til ei tid like etter første verdskrig. Det kan jo og hende at filmen er retta mot ei litt eldre målgruppe enn Le Fabuleux destin d'Amélie Poulain?

Filmen heiter A Very Long Engagement på engelsk.

Un long dimanche de fiançailles 2004 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Audrey TautouGaspard UllielDominique PinonVis alle

Sjangrar

Land