Un peu, beaucoup, aveuglément! (2015)

Film / 30. september 2019
4/5

Un peu, beaucoup, aveuglément! er ein fransk komedie som er midt i blinken for meg. Han er sjarmerande og smårar, og har hjarte på rette staden.

Ein av mine favorittfilmar i 2013 var Les émotifs anonymes, kor to utruleg sjenerte personar må trasse sine personlege avgrensingar for kjærleiken.

I Un peu, beaucoup, aveuglément! har me igjen to rare menneske. Denne gangen ein noko stiv og inneslutta kvinneleg pianist, og ein oppfinnar som ikkje likar å gå ut. Då ho flytter inn som naboen hans, startar problema. Dei har ulike rytme og forhold til lyd, og har ingen lydisolert i veggen mellom leilegheitene.

Det morosame er korleis deira forhold utviklar seg. Filmen er innom mange interessante poeng og enkeltsituasjonar. Ein episode som er verdt å nemna er når dei er på dobbeltdate på kvar sin side av veggen, utan å nokon gang ha sett kvarandre.

Eg er framleis usikker etter fleire år på kva som gjer at så mange franske komediar treff meg. Eg vil tru at det er ein kombinasjon av fleire ting. Som at språket skapar avstand og noko nytt, men kulturen ikkje er for fjern. At fleire av skodespelarane er ukjente, og dermed blir lettare å akseptere i sine roller. Eller det kan vere så enkelt som at eg etter fleire gode filmar rett og slett berre er innstilt på at det skal vere bra.

Eg kan anbefale Un peu, beaucoup, aveuglément! til deg om du likar romantiske komediar som ikkje er for romantiske.

Den engelske tittelen til filmen er Blind Date.

Un peu, beaucoup, aveuglément! 2015 plakat - Filmdagbok

Regi

Clovis Cornillac

Manus

Clovis Cornillac, Tristan Schulmann, Mathieu Oullion, Lilou Fogli

Skodespelarar

Mélanie Bernier, Clovis Cornillac, Lilou Fogli, Philippe Duquesne, Grégoire Oestermann, Oscar Copp, Boris Terral, Manu Payet, Arnaud Lechien, Stefan Godin

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

Frankrike

IMDb

IMDb-side om Un peu, beaucoup, aveuglément!

Forfattar