Un + une

Film · 2015 · · 27. februar 2021
3/5

Un + une, som betyr Han + henne, er ein fransk romantisk komedie og drama om ein filmmusikkomponist på oppdrag i India. Han har blitt henta dit for å setje musikk til ein indisk New Wave-film. Han drar frå kjærasten sin, og får vondt i hovudet på vegen. Dette er bakteppet i korte trekk.

Vel framme blir det ein samankomst hjå den franske ambassaden. Der kjem han i snakk med kona til ambassadøren, som han igjen møter på jobb neste dag. Dei får i gong ein god samtale, som blir ein sentral del av filmen.

Eg synst ikkje dette er den festlegaste romantiske komedie eg har sett. Han er både litt tung i tonen. Det er ikkje eit utprega alvor, men det verkar som filmen forsøker å vere noko eige her som ikkje slår an. Det er vanskeleg å setje ord på det. Men eit anna eksempel er at filmen serverer oss enkelte situasjon, som brått viser seg å vere ein draum. Og i blant er han utydeleg på om det er ein draum. I blant er det ikkje ein draum. Samtidig er ikkje filmen spesielt kunstnarisk, så det å akseptere dette grepet som kjem ut av det blå er vanskeleg.

Men eg har sansen for Jean Dujardin i hovudrolla, og Elsa Zylberstein som motspelaren hans. Dei er truverdige, har god kjemi, og elles har karakterane ein god dynamikk. I tillegg dukkar Highlander-alumn Christopher Lambert som den franske ambassadøren.

Alt i alt ein midt på treet grei film. Litt morosam, litt trå.

Un + une 2015 plakat - Filmdagbok