Unbreakable Kimmy Schmidt: Kimmy vs the Reverend

Netflix-serien Unbreakable Kimmy Schmidt blei ferdig i 2019 etter fire sesongar. Den interaktive filmen Unbreakable Kimmy Schmidt: Kimmy vs the Reverend fungerer som ein lang og delvis unødvendig epilog og episode til serien.

I grove trekk handlar dette om at Kimmy frå serien skal gifte seg. Like før bryllupet finn ho ei ukjent bok i ryggen på sekken sin, som sender ho på ei slags etterforsking kor ho må møte kidnapparen frå fortida.

Kva som er del av denne historie, er det du som bestemmer ved å velje ulike retningar undervegs. Derav den interaktive delen filmen. Eg hadde forventingar til dette. Mitt einaste tidlegare møte med noko sånt er via Black Mirror: Bandersnatch. Ein god ide som hadde trengt eit større driv. Og det same kan seiast om Unbreakable Kimmy Schmidt: Kimmy vs the Reverend. At eg får velje gjer at dette stoppar opp, og vala mine får eg inntrykk av at ikkje betyr noko i det store og heile. Det eg sit med kjensla av, er at eg går glipp av mange artige scener frå vala eg ikkje tok.

Den foreløpige greia med interaktive filmar for min del er at det verkar som uferdig filmproduksjon. Og at dei som lagar filmen skulle ha valt ut det beste valet for meg, og dermed gitt meg den artigaste scena og retninga dei meiner filmen burde ta. Ikkje at eg berre får små avstikkarar som uansett fører omtrentleg til same slutt.

Unbreakable Kimmy Schmidt: Kimmy vs the Reverend 2020 plakat - Filmdagbok