Undeclared

Serie · 2001–2002 · · 15. juli 2007
4/5

Tre episodar ut i serien tenkte eg at dette er bra, men at det manglar noko. Det som mangla var å sjå resten av serien, for dette blei jo stadig betre.

Først litt om mannen bak serien, Judd Apatow. Han var produsent for Freaks and Geeks og må ha fått mange gode kontaktar der. I Undeclared dukkar det opp ein drøss av ansikt derifrå i store gjesteroller. Dessutan er Seth Rogen godt plassert i ei fast rolle som overgår rolla i Freaks and Geeks meir enn litt.

Undeclared er for fans av nyare high school-komediar. Det handlar ikkje om spesielt mykje meir enn livet i eit kollektiv, men det er faktisk meir enn nok til å gjere det vel så underhaldande. I blant saknar eg mål og meining, i blant oppfyller serien dette saknet akkurat passe.

Eg kan ikkje love at dette er ein passande serie for alle, men sjølv er eg fan av American Pie og det som betre er. Fordelen her er at humoren må sitje for at serien skal vere sendedyktig, ettersom Fox er ein av dei kanalane som utøver sensurering av nakenheit, eit av trekkplastera i dårlegare high school-komediar på film.

For å få maks utnytting av serien og ikkje minst dei fantastiske gjesterollene som dukkar opp vil eg anbefale Undeclared som ein oppfølgjar til Freaks and Geeks, eg kan ikkje dømme på anna vis.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Undeclared 2001-2002 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Jay BaruchelCarla Gallo (I)Charlie HunnamVis alle

Sjanger

Land