Under the Dome

Serie · 2013–2015 · · 16. oktober 2015
2/5

Etter tre sesongar blei Under the Dome avslutta. Ein serie eg i utgangspunktet hadde håpa skulle vare maks ein sesong, og som eg tidleg blei lei av. Men som eg likevel, på grunn av rein nysgjerrigheit, såg ferdig.

Under the Dome er den type serie eg har lært meg å styre unna som ny. Ein serie med eit spennande konsept, men som går på ein av dei enkle reklamekanalane i USA: CBS, NBC, Fox, med fleire. Det fornuftige er å vente, og vurdere om det er verdt å sjå etter ein serie har fått tid til å modne.

Hadde eg gjort dette med Under the Dome, så hadde eg styrt unna. Men eg blei tiltrekt ideen om ein by fanga i ein kuppel, og Britt Robertson. Sistnemnte slutta i serien tidleg, og eg mista interessa for serien før det igjen.

Det største problemet er at alt skal dra ut i tid eller overdrivast. Dette er fordi serien ikkje har eit godt nok grunnlag. Dermed blir det fort kjedeleg og irriterande. Ei viss form for sjåarsuksess førte til utviding av serien, og det hjelpte ikkje på for innhaldet sin del.

Under the Dome 2013-2015 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Mike Vogel (I)Rachelle LefevreAlexander KochVis alle

Land