Under the Mistletoe

Film · 2006 · · 7. desember 2015
2/5

Denne Lifetime-filmen er en nedtur. Bortsett frå Jaime Ray Newman. Grunnen til nedturen er delt, men den utslagsgivande faktoren var ei blanding av låg produksjonskvalitet og bildekvalitet som frå starten av gav eit dårleg inntrykk.

Historia er også temmeleg tåpeleg. Eller gjennomføringa. Det handlar om ei mor og ein son som nærmar seg eit år utan faren, som døde i ei bilulykke. Ulykka har sete sine spor. Sonen har begynt å sjå og snakke med faren. Dette er passe typisk og eit greitt grep på film, men dessverre er både sonen og faren spelt av elendige skodespelarar. Ergo manglar den nødvendige og gode gjennomføringa for å ro dette i hamn.

Jaime Ray Newman er det positive alibiet til filmen. Som mange andre tv-filmar har også Under the Mistletoe ei kvinneleg hovudrolle, der ein passe kjent skodespelar tar styringa. Iallfall etter min kjennskap. Jaime Ray Newman spelte i fleire episodar av den gode familie- og science fiction-serien Eureka.

Eg likar gjerne enkel og glad film, med ein dose romantikk, komedie og drama. Men Under the Mistletoe hadde eg klart meg utan.

Under the Mistletoe 2006 plakat - Filmdagbok