Under the Skin

Film · 2013 · · 6. desember 2014
3/5

Under the Skin er spesiell nok til å vere verdt å nemne, sjølv om filmen tidvis drar ut i mangelen på konvensjonelle forteljargrep. Men eg har sansen for det kunstnariske, om det er ein grunn til det. Og Under the Skin går i retning av å halde tilbake på forklaringane, noko anna eg også har sansen for.

Frå det ukjente dukkar ei mystisk kvinne opp. Som alle andre i filmen har ho ikkje eit namn. Scarlett Johansson spelar kvinna, som tar kleda til ei anna død kvinne. Deretter set ho seg i ein varebil og køyrer rundt for å plukke opp menn.

Filmen har eit droneliknande atmosfærisk lydspor i veksel med stille. Dette blir brukt for å bygge opp stemninga og spenningen, men kvar gong eg forventar eit utløp frå den spennande stemninga, så tar filmen ei anna retning. Filmen held seg likevel passe innanfor dei større forventa linjene, og unngår å bli ein som forvirrar berre for å forvirre.

Kvinna har eit slags oppdrag som blir litt klarare etter kvart. Men utviklinga som er viktigast for filmen er hennar personlegdom. Utover jobben ho gjer, så er ho eit blankt ark, og det er mot å fylle dette arket ho blir trekt etter kvart.

Etter kvart blir eg også litt lei. For uansett kor mystisk og spesielt dette er, og kor interessert eg er i å få vite meir undervegs, så er filmsjåaren i meg innstilt på meir handfaste forteljargrep. Med tanke på at filmen ligg opp mot å vere to timar lang, så krev det meir enn uvisse, stemningsfull lyd og flotte bilde.

Totalt sett vil eg karakterisere filmen som interessant. Han har også enkelte innslag som hadde vore verdige i ei god skrekkfilm. Med utgangspunkt i dette kan filmen vere verdt å sjå, om du vil ha noko annleis, likevel nytt og med ei kjent dame i hovudrolla. Vil du ha ein popcornfilm så styrer du unna.

Under the Skin 2013 plakat - Filmdagbok