Unfaithful

Film · 2002 · · 21. mai 2006
3/5

Eit fengslande thrillerdrama med Diane Lane og Richard Gere. Om utruskap som tittelen tilseier, løgner, lykke og tragedie. Eg føler eg har sett det meste av dette før, noko som sikkert har med å gjere at ideane i filmen ikkje er særleg nye.

Eg hadde og ei viss aning om korleis det skulle gå, men vart likevel underhalde, og dei to timane filmen varte i gjekk ganske fort unna.

For meg er dette ein typisk søndagsfilm på NRK, for det er som regel thrillerar eg endar opp med å sjå når det først går noko der.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Unfaithful 2002 plakat - Filmdagbok