Ung flukt

Film · 1959 · · 4. september 2008
3/5

Den siste av i alt ti filmar som ekteparet Edith Carlmar og Otto Carlmar laga, handlar om eit ungt kjærastepar som reiser frå byen og foreldra sine og slår seg ned på ein fråflytt gammal husmannsplass. Edith Carlmar var den første norske kvinnelege regissøren.

Når Ung flukt kom skapte han mykje oppstyr og blei til og med debattert i Stortinget grunna ei nakenbadande Liv Ullmann. Liv Ullmann hadde den første hovudrolla si med denne filmen. Ho spelar den unge jenta Gerd, ei uskikkeleg jente som har vorte i lag med den meir skikka og oppdregne Anders (Atle Merton).

Tittelen teke til vurdering, er ei passande skildring på filmen. Det handlar for Anders og Gerd om å vera på flukt samstundes som det delvis kan stå for Gerd sine stadige forsøk på å flykta frå dei tryggja omgivnadene ho eigenleg har rundt seg.

Etter ei stund på husmannsplassen dukkar òg ein karakter ved namn Bendik opp, spelt av Rolf Søder. Han bryt idyllen med sin mandige sjarm som Gerd bit lett på. Han gjer Anders noko ukomfortabel og irritert. Samstundes er det foreldra sitt styr med å få ungdomen heim igjen som går føre seg.

Ung flukt er god på at han går utanom normalen og ikkje køyrer stereotypane i verken foreldre eller straffangen Bendik fullt ut, men overlet mykje til Anders og Gerd å finna ut av. Det er ei lite romantisk skildring med realiteten som stadig ligg og klemmer under overflata.

Eg vil heller ikkje skryta for mykje av filmen, enkelte ting vert teke lite for lett på etter smaken min, samstundes som andre mindre problem elegant vert via akkurat så liten plass som dei bør. Oppsummert hamnar dette godt over middels, utan å krypa for høgt på skalaen heller.

IMDb-logo
Ung flukt 1959 plakat - Filmdagbok