Unga Astrid

Den svenske filmen Unga Astrid om ei ung Astrid Lindgren, er ein god film. Årsaka til det er fordi han fortel ei historie som hadde vore god uavhengig av at filmen handla om ei som seinare blei ein kjent forfattar.

Det handlar om ei jente som blir forelska, og der forelskinga får store konsekvensar for retninga livet hennar tar dei neste åra. Frå å bu på landet til å jobbe i Stockholm. Frå å vere omgitt av familie til å bu åleine, og pendle til København i blant.

Små drypp og godt forfatta preg som enten har blitt inspirert av forfattarskapen til Astrid Lindgren er på plass. Eller kanskje det er deler av livet hennar som har inspirert historiane ho har skrive. Det fungerer uansett som godt innpakka innslag som har samanheng til historiane hennar. Ho er litt som Pippi og litt som Emil i blant. Men ikkje så tydeleg.

Unga Astrid er ein film som sit som støypt. Han har ei gripande historie og er formidla på ein tilgjengeleg måte. Alba August er strålande i hovudrolla, og skal ha mykje skryt for at dette fungerer. Ho går vegen frå ung og leikande til vaksen på flott vis. Det handlar mykje om detaljane, og dei er på plass.

Unga Astrid 2018 plakat - Filmdagbok