Unhook the Stars

Film · 1996 · · 25. oktober 2015
3/5

Gena Rowlands spelar ei mor viss siste vaksne barn flyttar ut, og ho blir verande igjen åleine. Mannen er gått bort, og ho er pensjonist. Ein situasjon med naboen gjer at ho blir barnepassar for sonen til naboen, og dermed får ein grunn til å bli buande og ha noko å gjere på.

Situasjonen med ungen utviklar seg til fleire vennskap med mora og andre, og me blir vitne til ein gradvis renessanse for den aldrande kvinna.

Dette er ikkje den mest storarta opplevinga eg har vore vitne til. Tempoet er lågt og innhaldet er lenge uinteressant. Det tar ei god stund før eg i heile tatt merker ei interesse for filmen. På mange måtar er alt så altfor typisk, og samtidig verkar det datert. Ein dødeleg kombinasjon om eg ikkje har ei spesiell interesse for perioden eller temaet. Noko eg har verken det eine eller andre av.

Men eg kan iallfall sette pris på deler av filmen i det han går inn i runde nummer to og avsluttinga. Første runde var at filmen introduserte nye folk og nytt liv til kvinna, den andre runden er når ho må ta standpunkt til nok ei endring som dyttar ho vidare inn på eigne vegar og må ta eigne val. Då har ho sett kva livet kan bringe, og må ta steget vidare og tenke meir på seg sjølv.

IMDb-logo
Unhook the Stars 1996 plakat - Filmdagbok