Unknown

Film · 2006 · · 1. mars 2007
4/5

Fem menn er innesperra i eit fullstendig låst lagerbygg. Det er ikkje ein ny Saw-film, sjølv om utgangspunktet er rimeleg likt. Ein etter ein vaknar desse opp frå ei søvn forårsaka av gass, utan å hugse noko.

Så startar søken etter å finne ut kven dei er, kven som er god og kven som er skurk. Litt etter litt utfoldar det seg eit bilde om kva som har skjedd. Dei med sans for detaljar kan nok meir enn den passive sjåaren ha glede av ein film som dette.

Sjølv såg eg filmen utan å legge så mykje vekt på å snappe opp detaljane, men nokon teikn på kven som kunne vere helt eller skurk prøvde eg likevel å finne. Og det er ikkje lett, filmen gir ei god utfordring. Augene mine er nok heller ikkje trent for slikt.

Unknown gjer mykje ut av lite. Han kunne fort ha blitt kjedeleg i sitt einsformige lagerbygg. Til hjelp står ein gjeng solide skodespelarar til rådigheit. Når alt blir gjort ferdig i løpet av 80 minuttar er det fryd og gammen.

Starten er langsam. Her krevst det tolmod for å komme til godsakene. Hollywood-kurva er bytta ut med ei stigande og lineær linje og det veks i jamn fart mot slutten. Ein slutt som blir prikken over i-en på ei vel så underhaldande film.

IMDb-logo
Unknown 2006 plakat - Filmdagbok