Unleashed

Film · 2005 · · 23. mai 2005
3/5

Eit offer for å ha fått ein misvisande filmtrailer, ein trailer som fokuserer utelukkande på spenning og slåsting. Tingen er at dette og er ein god del drama, som er den sentrale delen av filmen. Valden var kraftige saker. Eg lo godt i dei scenene det var slåsting, og når eg ler er det enten fordi det er morosamt eller grufullt valdeleg.

Reint teknisk og visuelt sett er filmen godt gjennomført. Lysbruken er ikkje mogleg å unngå og legge merke til, eg håpar for all del det var meint å vere overdrive brukt her. Og det med halskjede var ein ting eg ikkje heilt forstod, skulle det åleine vere med på å halde kjenslene til Danny i sjakk?

Einaste grunnen til å sjå denne filmen er for dei slåstscenene som er her, og det veg opp for tidsbruken og den eventuelle pengebruken filmen krev. Ein solid miks av idear frå andre filmar er gøymt i manuset, Luc Besson.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Unleashed 2005 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Jet LiMorgan Freeman (I)Bob HoskinsVis alle

Sjangrar