UnREAL

Serie
2015–2018
3/5

Lifetime-dramaet UnREAL handlar om livet bak kulissene på eit oppdikta reality show. Me følger konfliktane som skjer mellom folk og lærer historikken til dei ulike personane å kjenne.

Samtidig handlar dette om å lage eit tv-program, og me får innsikt i eit kynisk og kalkulerande miljø, som stadfestar det me veit om at reality-seriar oppstår i redigeringa.

UnREAL har nokre kjente namn på rollelista. Først og fremst Shiri Appleby, som for nylege vaksne kanskje blir hugsa best frå Roswell. Men det er òg andre gode skodespelarar med.

Dramaet i seg sjølv er ingenting nytt, men forma på serien er fin. Me har eit interessant miljø og ei god framdrift, kor litt nytt skjer og noko gammalt blir avdekka heile tida. Det er alt som skal til.

Begge dei to første sesongane leverer varene som forventa. Med kvar sin interessante raude tråd, og eit stort rollegalleri. I tredje og fjerde sesong blir det dryge endå drygare. Det toppar seg nok i fjerde med manipulasjon og liknande.

UnREAL 2015-2018 plakat - Filmdagbok

Dato

25. august 2018

Forfattar


Skodespel

Shiri ApplebyCraig BierkoJeffrey Bowyer-ChapmanVis alle

Merkelappar

Sjanger

Land