Upside Down

Film · 2012 · · 7. august 2013
4/5

Upside Down fekk meg til å tenke heile vegen om både det eine og det andre kunne gå an.

Det er visuelt ein spennande og ein kreativ film.

Kjærleikshistoria er noko tynn. Filmen manglar noko eller nokon å heie på. Kirsten Dunst og Jim Sturgess er ikkje nok.

Filmen tar ein del føresetnader. Om rikdom, årsaker til at folk blir undertrykt og tilsvarande.

Likevel er det ein av dei mest interessante presentasjonane av ei anna verd eg har sett på lenge. Trass i at filmen ikkje er alt han kunne ha vore, så lar eg tvilen komme Upside Down til gode.

IMDb-logo
Upside Down 2012 plakat - Filmdagbok