Uro

Film · 2006 · · 28. januar 2007
3/5

Laurdagskvelden bydde på ei overrasking i filmvalet. Ettersom kvelden ikkje fann stad på hybelen fall avgjersla på andre enn meg. Valet vart Uro. Dette var ikkje meg i mot. Eg hadde ikkje sett filmen før. Så eg hadde lenge lurt på korleis eg kunne få sett han utan å bruke pengar på det. Vonene var ikkje dei helt store, sjølv om eg hadde lyst å sjå han.

Med eit ambivalent utgangspunkt gjorde ikkje filmen dei heilt store greiene for å trekke verken i den eine eller andre retninga. Historia var grei nok i seg sjølv. Med ei tydelegare gjennomføring kunne det ha blitt rett så spennande. Minuset låg i gjennomføringa. Å følge handlinga var enkelt. Det same var det å halde styr på karakterane. Flyten sakna eg derimot. Det gjekk føre seg litt ujamnt, og det var dessutan ein del daudpunkt.

Så kjem plusset med filmen, det som gjer at eg ikkje vil avfeie den heilt. Bjørn Floberg er ein skummel fyr som gir meg frysningar på ryggen. Han fungerer verkeleg som skurk, og såleis blir det at HP (Nicolai Cleve Broch) sitt politiarbeid er akseptabelt. Filmen virrar elles veldig mykje hit og dit, på ein måte som ikkje verkar planlagt. Fleire av karakterane er for grunne. Nokon er for naive med tanke på posisjonen sin.

Uro 2006 plakat - Filmdagbok