Us

Us er ein skrekkfilm, trur eg. Han er ikkje så skummel, eg blir ikkje redd. Men han er spennande ei stund, og eg er nysgjerrig på vendingane.

Filmen ser bra ut. Han skal ikkje vere lur. Og han går ikkje i den traurige fella i å bli lik alt mogleg anna.

Det er ein film som er så god som eg burde kunne forvente, men som ikkje utmerkar seg som noko ekstraordinært.

Eg er uansett glad for at han heller ikkje er av det dårlege slaget. Det er ein kinofilm som eg godtar at kom på kino. Det er ein viss kvalitet. Men det er berre ikkje nok ubehag med tanke på kva historia handlar om. Det er meir vald enn psykologi.

Us 2019 plakat - Filmdagbok