V for Vendetta

Film · 2005 · · 21. juni 2006
3/5

Eg har ikkje lese den grafiske romanen, og stod dermed med blanke ark før eg såg filmen. Eg vil tru at filmen gav meg meir enn den grafiske romanen til Alan Moore og David Lloyd kunne ha gjort. Men eg vil ikkje konkludere med noko før eg har lese han sjølvsagt.

Filmen skal ha skryt for at han har klart å unngå mykje av dataanimasjonen som ofte blir brukt i moderne adapsjonar av grafiske romanar og teikneseriar. Eg trur på denne filmen i meir enn evna til å underhalda. For du har gått glipp av mykje om du ikkje fekk med deg kva frykt kan skape, og kva eit menneske kan skape i skuggen av frykt.

Filmen seier meir enn som så, karakteren V er ikkje den vanlege helten. V er ein terrorist og drapsmann, ein venn og ein fiende. Han veit alt dette sjølv, og har berre sett seg eit mål. Utover det er inga framtid i sikte, for han veit han ikkje er betre enn nokon andre når det kjem til råvelde av makt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
V for Vendetta 2005 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Natalie PortmanHugo WeavingStephen Rea (I)Vis alle

Sjangrar