Vacancy

Film · 2007 · · 4. september 2007
3/5

Vacancy skal ha litt skryt for å gjere ting på sin eigen måte, likevel om verken miljø eller grunnlag verka nytt i thriller- og grøssarsamanheng. Problemet med måten Vacancy er lagt opp på er at han blir kjedeleg. Med unntak av eit par stader gir han aldri skikkelege grøss.

Verken Kate Beckinsale eller Luke Wilson gjer meir enn eit ukjent ungdomsansikt ville ha gjort i ein slik film. Det bidrar til å forsterke inntrykket mitt om at dette er ein svak film.

Som første film på ny tv må eg få fram at eg i tillegg såg han i høg oppløysing. Detaljane såleis var ganske gode. Kameraarbeidet var som mykje anna litt skuffande, og med dei flotte kulissene og location som er her kunne filmen i det minste ha sett veldig bra ut.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Vacancy 2007 plakat - Filmdagbok