Valhalla

1986 / Film
11. januar 2019
3/5

Ein teikneserie eg har fått sansen for dei siste månadane er danske Valhall, som handlar om norrøne gudar. Det er ein serie med humor og opphav i nedskrive mytologi, som første gong kom ut på 1970-talet.

På 1980-talet blei det laga ein film basert på karakterane i teikneserien. Ei historie blei laga spesielt for filmen, som fekk namnet Valhalla. I ettertid kom det to teikneseriealbum som fortel den same historia, men tilpassa serieformatet.

Filmen handlar om at Loke har fått med seg ein ustyrleg jotne til Åsgard. Jotnen, ein liten sak med namnet Quark, skapar så mykje trøbbel at Tor til slutt bestemmer seg for at han skal tilbake til Utgard. Med seg på reisa er Loke, og dei to menneskeborna Roskva og Tjalve.

Filmen er full av fantasi, fin animasjon og humor. Eit av poenga med teikneserien, og dermed også filmen, er at det som skjer skal kunne relaterast til notida. Ting blir satt på spissen, men det skal samtidig vere klar at me har med mektige gudar å gjere.

Eg er nok større fan av teikneserien enn eg blei av filmen. Serien tek seg god tid til å fortelje og presentere vesentlege poeng, mens eg merka at filmen hoppar over mykje. Dette er fordi eg har lese teikneserieversjonen av historia som filmen fortel, og samanliknar undervegs. Så det er verdt å sei. Grunnen til at eg hengte meg opp i det, var fordi eg sakna ein del poeng i filmen som bygger opp under det som skal vere komiske karakterar. Det kjem ikkje så godt fram kvifor det som skjer skal vere morosamt.

Men det er likevel festleg, og ein relativt kort film. Anbefalt om du likar norrøne greier, og eigne vriar på mytologi.

Valhalla 1986 plakat - Filmdagbok

Annonse