Valley Girl

Ein gong for lenge var Nicolas Cage ung. Året var 1983 då han debuterte i ei hovudrolle som Randy i ungdomskomedien Valley Girl. I 1982 hadde han fått skjermtid i Fast Times at Ridgemont High, og året før der igjen var han innom tv i Best of Times. Med Valley Girl var han på plakaten for fullt.

Filmen handlar om ein romanse mellom ei valley girl (Deborah Foreman) og ein fyr frå byen (Nicolas Cage). Omgrepet valley girl oppstod kring ein stereotype middelklassejenter frå San Fernando Valley i California, og er ei jente som mellom anna er opptatt av det materielle. Omgrepet har spreidd seg, men filmen tar plass i San Fernando Valley, dit Nicolas Cage kjem i møte med Deborah Foreman på ein fest han og kameraten krasjar.

Romansen er mellom to motsetnader. Mellom dei står det meste av venner, uheldig trøbbel og ekskjærastar. Det er duka for nok av intrigar, men dei to hovudrollene er ikkje nok til å gjere dette spennande. Til ei viss grad er stereotypane som Nicolas Cage og Deborah Foreman portretterer artige observasjonar, men der filmen skal fange er det ei rift i garnet, og det blir like uinteressant som metaforane mine.

Valley Girl 1983 plakat - Filmdagbok