Vampyr

Tyske Vampyr frå 1932 er ein tidleg lydfilm. Det betyr at det strengt tatt ikkje er så mykje lyd, og framleis ein del tekstplakatar.

Dette er ein skrekkfilm om ein ung fyr på reise til ein liten fransk stad. Han hamnar oppi eit mysterium, og avdekkar etter kvart forhistoria til staden som inneheld vampyrar. Ei ung kvinne der er også sjuk, biten av ein vampyr.

Dette er ei svært stemningsfull sak, men eg fall dessverre litt ut av tråden etter ei stund, fordi det gjekk litt seint framover, og fordi forma er litt uvan å komme inn igjen etter lengre tid utan å ha sett stumfilm.

Uansett så er ikkje dette den heilt store opplevinga, men ein kurant film for stemninga sin del.

Vampyr 1932 plakat - Filmdagbok