Van Wilder 2: The Rise of Taj

Film · 2006 · · 10. juli 2009
2/5

Van Wilder 2 har to gode sider, og for mange dårlege.

Kal Penn er morosam, spesielt når du kan knyte han opp mot framferd i House M.D. og Harold & Kumar-filmane. Og filmen unngår å dra episodar for langt ut, noko som du burde kunne forvente av all film, men som likevel skil seg ut som ei lys side i denne.

Elles er det altfor tydeleg at både Ryan Reynolds og det særeigne ved personen Van Wilder er borte, og berre den lunka historia som er resten av strukturen i desse komediane er igjen. Filmen blir under middels, men uthaldeleg.

Van Wilder 2: The Rise of Taj 2006 plakat - Filmdagbok