Van Wilder: Freshman Year

Film · 2009 · · 10. juli 2009
2/5

På tidslinja er handlinga i Van Wilder: Freshman Year lagt til før Van Wilder, som i motsetning til denne var ein film som eg likte.

Ein noko kjent Jonathan Bennett har hovudrolla i denne filmen som fortel om korleis mannen, myten og legenda Van Wilder oppstod. Rolla som Ryan Reynolds spelte som ein sju år eldre fyr i den første filmen frå 2002.

Korleis blir du legende på eit college som vist i ein National Lampoon-film til? Festing, sprell og nakne damer i ein direkte til video-film som denne.

Det er ganske så tomt. At det er tullete har eg ingenting i mot. Utan å skryte for mykje om den første filmen heller, så hadde han i det minste nokon karakterar og ei meir fornuftig historie. Her manglar dette, og filmen er meir eit fartøy for vulgære innslag.

Van Wilder: Freshman Year 2009 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Jonathan Bennett (I)Kristin CavallariKurt Fuller (I)Vis alle

Sjangrar

Land