Vargtimmen

Film / 1968
3/5

Vargtimmen er eit psykologisk drama som grensar på kanten til å vere ein grøssar. Det er svenske Ingmar Bergman som har regien. I hovudrollane er Max von Sydow og norske Liv Ullmann.

Eit par har slått seg ned i eit sommarhus på ei øy for sommaren. Han er ein kunstar og ein forstyrra mann. Ho er gravid. Og dei er begge rolege menneske. Når ting byrjar å skje, trur me at det er syner som han ser. Terroren er av ein annan sort. Andre på øya drar oss inn i eit selskap av makabre personlegdommar, og det spørs om psyken til kunstnaren tåler det.

Frå første stund veit me at noko har skjedd. Historia blir fortalt frå ståstaden til kvinna i ettertid. Forteljargrepet av største viktigheit er å halde på mystikken, og spe på med absurde møter mellom menneske. Det er sommar, sol og hyggelege omgivnader, så bakteppet er av reine kontrasten til det mentale og indre.

Eg trur sjølv eg var i rett stemning for filmen, men eg merka at han vart for treg. Han har mykje flott føre seg, så det som trekk ned ein karakter er at eg i blant kjeda meg fordi ting tok for lang tid. I samband med det eg kunne tenke meg i akkurat denne samanhengen. Det er ein solid film, men det blir ikkje min favoritt av filmane til Ingmar Bergman.

Vargtimmen 1968 plakat - Filmdagbok