Varsity Blues

Film · 1999 · · 16. juni 2014
3/5

Mens Dawson's Creek framleis gjekk på tv, og James Van Der Beek framleis var ungdom, kom denne ungdomsfilmen om amerikansk fotball i Texas ut.

Varsity Blues er ei blanding av komedie, kjærleiksfilm og sportsfilm og drama. Det er ei fornøyeleg blanding og ein til dels gripande film. Alvoret når ikkje opp til stemninga som blant anna Friday Night Lights byr på, men prøver på sitt vis å opplyse om eit seriøst tema, som er doping.

Ei sak som ikkje direkte plagar meg, men som er rart og alltid på grensa til komisk, er sørstatsdialekta til James Van Der Beek. Som i lag med det at filmen i blant har ein tendens til å bli for vaksen og alvorleg, og gjerne gå for langt på andre område, blir mange små drypp på det som kunne ha blitt ein knakande god film.

For utanom dette har filmen spenning, stemning, interessant miljø, interessante karakterar, historikk og ei fornuftig mengde innspel og variasjonar til å fylle tida med.

Eg merkar sjølv at eg er i overkant kritisk til dei mange små grepa som ikkje fungerer, men Varsity Blues legg lista høgt for seg sjølv. Han lev stort sett berre opp til den komiske og ville sida ved seg, og tar ikkje heim sigeren når det gjeld det dei alvorlege sidene ved amerikansk fotball på high school.

Varsity Blues 1999 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land