Veep (2012–2019)

Serie / 21. mai 2019
4/5

Julia Louis-Dreyfus spelar visepresident i HBO-serien Veep. Ein komedie som omhandlar det meiningslause tilværet det er å vere visepresident. Og det handlar om hennar noko udugelege apparat av tilsette.

Små uheldige hendingar som blir gjort forhasta eller som er basert på inkompetanse gir ofte store utslag i Veep. Dette er grunlagte for mykje av humoren i serien.

Det tek meg nokre episodar å kome skikkeleg under huda på omstenda i serien, og verkeleg sette pris på den gode jobben som er gjort med manuset. Veep er ein lur serie, som ikkje går over hovudet på nokon. Å kunne observere ein politikar både framfor og bak kulissene som her er både morosamt og ei påminning om korleis ting kan fungere. Veep er morosomt fordi det er truverdig, direkte og håplaust.

Sesongane går unna når eg først set meg ned. Det skjer mykje og nye ting heile vegen, sjølv om rollegalleriet består av den same kjerna. Og om skodespelarane så er det i tillegg til den faste og gode gjengen som sjølvsagt fortener mest skryt, flust av gode gjesteskodespelarar som er med. Gjerne fordi dei er flinke, ikkje berre fordi dei er kjente.

Veep er skapa av Armando Iannucci, og noko lik hans britiske serie The Thick of It. Sjølv om serien har blitt tilpassa eit amerikansk publikum, har han noko av den mindre direkte humoren og absurde situasjonskomedien som sitt britiske forbilde.

Veep 2012-2019 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Skapar

Armando Iannucci

Skodespelarar

Julia Louis-Dreyfus, Anna Chlumsky, Tony Hale (I), Reid Scott, Timothy Simons, Matt Walsh (I), Gary Cole, Kevin Dunn, Sufe Bradshaw, Sarah Sutherland

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Veep

Forfattar