Vera Cruz

Krig herjar i Mexico. Den spanske keisaren har styringa, mens mange meksikanarar ønskjer at landet skal bli uavhengig.

Ein pistolmann spelt av Gary Cooper er på veg sørover frå USA for å ta betalte oppdrag knytt til krigen. På vegen møter han på ein lovlaus mann spelt av Burt Lancaster. Deira kryssing av vegar fører til eit slags partnerskap, kor ingen er til å stole på.

Vera Cruz er ein western som tar for seg eit tema eg berre har høyrt om i andre filmar, den meksikanske krigen for uavhengigheit som gjekk føre seg mellom 1808 og 1821. Krigen var ikkje ei stor og samanhengande hending, men bestod av opprør på mange halde.

Midt oppi dette er det desse to mennene ser sitt snitt i å tene pengar. Eg såg filmen utan å vite noko særleg meir om han enn at det handla om å frakte gull, og tykte det var ein god ting å gå til han utan å vite for mykje. Filmen er av god kvalitet, og det er lite å utsetje på skodespelarane, miljøet og variasjonen i filmen. Det er kan pirke på er at det blir litt vel mykje fram og tilbake med løgner, så eg til slutt går litt lei. Og så er det heile greia med at desse to får ein så sentral rolle i eit oppdrag og ein krig at eg har vanskar med å tru på det. Det er noko der som ikkje klaffar heilt for min del.

Det er litt slikt som trekk filmen ned. Men alt i alt er Vera Cruz ein passe underhaldande film. Gary Cooper og Burt Lancaster spelar bra i lag, og er truverdige i rollane sine.

Vera Cruz 1954 plakat - Filmdagbok