Vertigo

Eg hadde forventa fleire høgder, men er likevel ikkje skuffa over filmen. Det var ei fin oppleving, litt uvant tempo med tanke på filmane i dag, men ikkje kjedeleg. Historia er spesiell nok til å få meg til å tenke innimellom, og av og til nesten litt ekkel. Ikkje på grunn av høgdene, men på grunn av enkelte av personane i nokon rare situasjonar.

Som det med bilde i galleriet, det minna meg om eit bilde eg så i Brødrene Dal og spektralsteinene når eg var yngre. Filmen er også spennande, spesielt i scenene der Scottie følger etter Madeleine. Det er så enkelt, og så rart ho aldri ser han i dei openlyse etterfølgingane, men likevel spennande. Også er det kamera, filmen er ein fryd å sjå på, og bilde her har også fått ei god oppussing, noko som sikkert kom godt med, når filmen er neste 50 år gammal.

Vertigo 1958 plakat - Filmdagbok