Vice Principals (2016–2018)

Serie / 22. november 2017
3/5

Vice Principals er en HBO-serie frå Jody Hill og Danny McBride. Desse lagde Eastbound & Down i lag for få år sidan, og er nå tilbake med nok ein komiserie som skal vere litt på kanten.

Vice Principals handlar om to prorektorer ved ein amerikansk skule. Begge har eit håp om å bli skulens rektor når den førre går av med pensjon, men en ny kvinne dukkar opp og tar rollen. Desse to mennene, spelt av Danny McBride og Walton Goggins, må slå tottene saman for å prøve å få ho sparka.

Med tanke på teamet bak serien forventa eg noko i retning av Eastboud & Down. Serien er på mange måtar ikkje så langt unna. Karakteren McBride spelar har fleire av dei same trekka. Ei positiv sak som er gjort her, er at han hans karakter har en tydelegare myk side under det tøffe ytre. Det er mogleg å bruke karakteren hans til både faenskap og til dramatikk.

Det er mogleg å seie at Vice Principals har fleire dimensjoner enn Eastbound & Down. Dette betyr at eg ser større moglegheiter for Vice Principals å bygge historie og gode karakterar over tid. Det er framleis vanskeleg å plassere alle etter ein sesong. Og om ikkje McBrides karakter er uføreseieleg nok, så er Goggins et farleg mysterium når det gjeld kor grensene går, eller ikkje går.

Det er en god start, men det tar nok aldri av. Potensialet er der, men det er nok framleis litt mykje overflatisk tøv for min smak. Eg er likevel spent på kva retning dette vil ta i framtidige sesongar.

Vice Principals 2016-2018 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Skaparar

Jody Hill, Danny McBride (IV)

Skodespelarar

Danny McBride (IV), Walton Goggins, Georgia King, Maya G. Love, Sheaun McKinney, Shea Whigham, Edi Patterson, Busy Philipps, Ashley Spillers, James M. Connor

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Vice Principals

Forfattar