Vice

Film · 2018 · · 22. mars 2020
3/5

Vice er ein film om Dick Cheney, som blei visepresidenten til George W. Bush. Filmen er laga av mannen som stod bak The Big Short, Adam McKay, og har i stor grad den same måten å formidle eit seriøst tema på ein artig måte på. Og Christian Bale går att i sentrale rollar i begge filmane.

Filmen tek for seg livshistoria til Dick Cheney. Sannsynlegvis med store fridomar. Det er ikkje noko eg har sett meg for mykje inn i. Eg tar uansett det meste her med ei klype salt. Film er film, uansett om det er fiksjon eller dokumentar. Dette er forøvrig fiksjon.

Dei store linjene er nok sanne. Det som har blitt formidla i offentlegheita og dokumenter skriftleg er også kjelder på sett og vis. Uavhengig av kor sant noko er, så fungerer blandinga av seriøst og ekte nok med humor basert på dette og karikaturane godt.

Blant dei to filmane til Adam McKay av nyare tid, så vil eg halde ein knapp på The Big Short framfor Vice. Men det er ein vellaga film som byr på god underhalding.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Vice 2018 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Christian BaleAmy Adams (III)Steve CarellVis alle

Sjangrar

Land