Vicky Cristina Barcelona

Film · 2008 · · 27. mai 2011
4/5

To vakre kvinner i ein vakker by, omgitt av kreative sjeler. I ein film innpakka i varmt lys og med flotte tonar frå spansk gitar.

Vicky Cristina Barcelona er ein av mine favorittfilmar frå Woody Allen. Ein kjærleiksdeklarasjon til ein vakker by, ein kjærleiksfilm med smarte menneske, som likevel er fulle av feil. Det er romantikk, kunst og ein passe stor dose av Woody Allen sjølv gjennom replikkane som blir ytra.

I oppbygging er filmen enkel og er tydeleg på rammene rundt handlinga heile vegen. Vicky og Cristina kjem til Barcelona, dei skal vere der i to månader. Ikkje lenge etter dei kjem dukkar Juan Antonio opp i periferien, ein bildekunstnar med eit trøblete ekteskap bak seg blir det fortalt. Vegane kryssast og to månader blir brått meir interessante då Juan Antonio ved første møte inviterer både Vicky og Cristina til å bli med på ei utflukt, for sightseeing, god vin og sex, ut av det blå.

Ein kinematograf ved namn Javier Aguirresarobe bidrar til at Vicky Cristina Barcelona ser fantastisk flott ut. Barcelona og omlandet badar i varmt lys og eg får umiddelbart lyst til å reise dit. At mange av scenene går føre seg ved kjente monument og kunstverk bidrar til ein rikare bakgrunn. Personane stikk av med merksemda, og eg kan godt sjå filmen igjen for å få med meg alt som er i bakgrunnen.

Men Vicky Cristina Barcelona er ikkje nødvendigvis den lystigaste filmen, han har ei mørkare side ved seg og omhandlar galskap og eit kynisk syn på kjærleik og forelsking. Han er ærleg og skyr ikkje unna å ty til løysingar som gjer personane smått feige eller svake. Dette gjer filmen mindre føreseieleg og til ei rikare oppleving.

Vicky Cristina Barcelona 2008 plakat - Filmdagbok