View from the Top

Film · 2003 · · 25. august 2015
2/5

Ei ung kvinne vil komme seg bort frå den vesle staden ho kjem frå. Ho vil bli noko. Ho set seg som mål etter kvart å bli flyvertinne. Det blir ho, og ho blir flink. Internasjonale flygingar med eit kjent flyselskap er det neste målet hennar.

Gwyneth Paltrow er den målretta kvinna i View from the Top. Ein tam film om så skal seiast. Og ettersom poenget her på Filmdagbok stort sett alltid er å oppsummere filmar på ein kort og grei måte, for så å slenge på ein karakter i håp om at det i lag kan bidra til å gi eit inntrykk om ein film er verdt å sjå eller ikkje, så seier eg så.

Dette er føreseieleg på eit vis som trekk ned. Romantikken er dessutan uengasjerande. Her bidrar verken Gwyneth Paltrow eller Mark Ruffalo med særleg. Sistnemnte med minst, i den svakaste rolla eg har sett han i, sannsynlegvis.

Det einaste positive med filmen er stå på-viljen til karakteren til Gwyneth Paltrow. Ein søken etter lykke som ikkje lar seg stoppe ved nedturar eller motstand. Men når innpakninga er ein overflatisk, uengasjerande romantisk komedie, så strekk det ikkje til.

View from the Top 2003 plakat - Filmdagbok