Villmark 2

Film · 2015 · · 3. juni 2018
2/5

Villmark 2 har ikkje noko å gjera med Villmark. Ikkje ei einaste liten tilknyting eingong. Namnet er nok berre for at dei kunne dra nytte av eit kjent namn og få litt merksemd.

Viss du les eit handlingsreferat, vil du nok kjenne igjen innhald og oppbygging, Villmark 2 leverer ikkje noko nytt. Dette har du sett før, mange gonger. Det er ein skrekkfilm i ein gammal og tilsynelatande tom bygning, men ikkje heilt. Og der folk byrjar å forsvinne og døy.

Og det er alt. Frå start til slutt, ikkje noko meir enn det som så mange andre liknande produksjonar har bydd på. Det var ikkje så spennande. Sjølve filmen, som trass i alt er ein film som står på eigne bein, er enno ein svak skrekkfilmproduksjon. Eg vil ikkje anbefale å sjå han.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Villmark 2 2015 plakat - Filmdagbok