Vinterland

Film · 2007 · · 3. september 2008
3/5

Vinterland er fin, liten og kanskje litt rar film. Det er vinterstid i Nord-Noreg og me møter kurdaren Renas som ventar på ei kone som familien frå heimlandet hans har introdusert han for via brev og telefon.

Då kona dukkar opp er ho ikkje heilt som han såg for seg på bilda. Ho er faktisk eit stort vonbrot. Renas blir både sett ut, frustrert og forbanna.

I løpet av dei 52 korte minuttane filmen varer får me sett det norske i lys av eit kurdisk sinn. Me får også eit innblikk i kvardagen til ein kurdar nord i Noreg. Det blir bydd på komiske augneblinkar og dramaet ligg aldri for tungt over filmen, sjølv om det er ein meir seriøs undertone.

Tittelen er både poetisk og passande til filmen. Det er gjennomført vinter i bilde. Det er eit kaldt land som møter Fermesk som er kona til Renas. Og det er ei kulde som sit i deira forhold.

Sjølv om Vinterland er fin er han ikkje noko eg følte eg fekk større glede av å sjå. Han går altså ikkje høgt opp på skalaen. Han er derimot heller ikkje dårleg på nokon måte, men siden han er fin på nokon måtar trekk det litt opp.

Vinterland 2007 plakat - Filmdagbok