Volver

Film · 2006 · · 11. februar 2007
4/5

Pedro Almodóvar, mannen bak fleire kritikarroste og publikumslikte filmar som eg sjølv ikkje har sett, har samla ei lita gruppe spansktalande kvinner som inkluderer Penélope Cruz og nokon andre gode, men for meg ukjente, skodespelarar. Desse spelar mor, dotter, søsken, eller enkelt sagt ein familie som ser ut til å gå gjennom nokon harde tider.

Greia med at situasjonen deira ikkje var den enklaste fekk eg ikkje heilt grepet på, men eg synst heller dette var ein nydeleg film med god stemning. Han var litt alvorleg her og der, som alt i alt gjorde meg i godt humør. Humor har han også. Sjølv om han var på hengande håret til å få aktivert tårekanalen ei stund der, så var han meir fin enn trist.

Det skal ikkje nektast for at Penélope Cruz er på noko av sitt penaste på film i Volver, sjølv om det er i rolla ho gjer det sterkt. Historia bak filmen skal ha det til at Pedro Almodóvar opphavleg planlagte å ha Penélope Cruz i rolla som dottera til den karakteren ho spelar i filmen, som vil sei at filmen nok har vore under planlegging lenge. Og det kan stemme med kjensla det gir av å sjå filmen. Han verkar godt gjennomført og planlagt. Ingen ting verkar å vere hasta.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Volver 2006 plakat - Filmdagbok