Waiting for Guffman

Film · 1996 · · 2. januar 2010
3/5

Småbyen Blaine skal ha 150-årsjubileum. Når den rike historia frå grunnlegginga til i dag skal bli fortalt, fell valet på å produsere eit lokalt skodespel. Produsenten blir den aldri så feminine Corky St. Clair, spelt av regissør og manusforfattar Christopher Guest. Corky ser dette som ei moglegheit til å bli oppdaga av Broadway-skribenten Guffman.

Små og lokale produksjonar på film har som vane for å møte motstand eller vere i overkant useriøse, Waiting for Guffman skil seg ut ved å stå fram som relativt seriøs og med ein naturleg, lett humoristisk vri på grunn av småbysjarmen og begeistringa kommunestyret har for jobben Corky St. Clair gjer.

Med seg har Christopher Guest fleire kjente namn som fargar filmen. Det er medmanusforfattar Eugene Levy, i tillegg til gjengangarar i Christopher Guest-filmar som Fred Willard, Catherine O'Hara og Parker Posey frå mellom anna den liknande filmen frå ti år seinare, For Your Consideration.

Eg har ikkje sett så stor pris på andre filmar av Christopher Guest, men det let seg ikkje smitte over på Waiting for Guffman, og gav meg heller lyst til å revurdere For Your Consideration og sjå meir av Christopher Guest. Som mockumentary er dette ein film som er morosam i det små, og for det meste styrer unna ei direkte form for humor og oppnår å skape både god stemning og truverdige rollefigurar. Dette resulterer i at filmen treff godt.

Om eg så skal trekke ned på noko er det vanskeleg å finne bestemte deler ved filmen som er svake. Det heller litt mot at filmen er fråverande av noko som grip tak i meg og gjer meg meir interessert i skjebnane til desse folka. Om poenget til Christopher Guest har vore å skape ein avstand mellom publikum og karakterane for å få fram at dette er mockumentary, står eg ikkje helt bak den avgjersla.

Denne og andre småting som gjer at eg ikkje heilt var oppslukt i dei gode sidene ved Waiting for Guffman, resulterer i ein karakter ikkje fullt på toppen av skalaen. Likevel er dette ein god film, med flott skodespel og ein aldri så liten appetittvekkar for Christopher Guest med denne troppen.

Waiting for Guffman 1996 plakat - Filmdagbok