Wake Up, Ron Burgundy: The Lost Movie

Ein alternativ versjon til Anchorman: The Legend of Ron Burgundy. Du bør absolutt ha sett den filmen viss du skal ha noko utbytte av denne.

Det dette er ser ut til å vere uttak og lengre og mindre morosame scener som er sett saman for å danne ei historie som til nauds kan plasserast parallelt med Anchorman: The Legend of Ron Burgundy. Steve Carell får vist meir her enn i hovudfilmen, noko som er bra med tanke på at han er mannen med mest humor i Anchorman-franchisen.

Men eg kan ikkje anbefale Wake Up, Ron Burgundy: The Lost Movie. Han er for lang, og rett og slett bortkasta tid. Kanskje hardbarka fans vil ha gleda av han, la oss tru at det er grunnen til at filmen er sett saman.

Wake Up, Ron Burgundy: The Lost Movie 2004 plakat - Filmdagbok